Når barn får ei innkalling til sjukehuset, er det lurt å førebu barnet på kva dei skal og kvifor. Kanskje må barnet gjere nokre undersøkingar eller ta nokre prøvar som kan opplevast skummelt eller vondt. Det å bruke tid på å førebu barn har mykje å seie for korleis barn opplever situasjonen og korleis dei held seg til sjukdom og behandling vidare.
På sjukehuset
Før prosedyren/undersøkinga får du tilpassa smertelindring og lokalbedøving. Det kan vere bedøvingsplaster, smertestillande eller liknande. Dette må ofte verke ei stund før vi kan starte sjølve prosedyren og behandlinga med lystgass.
Før vi byrjar, viser vi deg korleis maska ser ut og forklarer kva som skal skje. Maska kan ha litt ulik utsjånad og farge. Vi finn den maska som passar deg best.

Før vi byrjar, viser vi deg korleis maska ser ut og forklarer kva som skal skje. Maska kan ha litt ulik utsjånad og farge. Vi finn den maska som passar deg best.

Vi har ulike duftpennar som ein kan teikne med inni maska sånn at det luktar jordbær, vanilje eller sjokolade. Du kan sjølv få velje kva lukt du vil ha i maska.

Sjukepleiaren teiknar i maska med den lukta du har valt.